Herrar: Jølster - HIL 6-1

Møtet med Golanhøgda søndag ettermiddag vart ikkje slik vi håpa, jølstringane gjekk sigrande ut av kampen med kalassifra 6-1 etter 1-0 til pause. Ser ein isolert på sifra kan det sjå ut til at vi vart rundspelte, dette er ikkje tilfelle. Jølster gjekk til pause med 1-0 etter straffeskåring etter ca 30 min, ein uheldig Jan Rune fekk eit skot i kroppen som traff handa. Ei særs tvilsom straffe. Alt i alt var Jølster det klart beste laget i første omgang, produserte nokre store sjansar og leia fortjent til pause. Vi vart for veike på topp i 4-5-1 formasjonen og skapte lite. I pausa bestemte vi oss for å legge om til 4-3-3 og skapte sjansar i fleng frå første spark på ballen etter kvilen. Alt etter 45sek i andre omgang utlikna HIL ved Mini til 1-1. Deretter hadde vi tre store sjansar som vi bør og må skåre på for å få med oss poeng mot eit lag som ligg i andre enden av tabellen. Men vår veg gjekk det heller ikkje denne gongen. I staden for 1-2 til oss, vips.., eit feilaktig nytt straffespark til Jølster og 2-1. Dette straffesparket fekk det til å koke over for Gunnar Grodås som vart vist på tribuna med raudt kort.... Så skårer Jølster på corner 3-1, deretter bølga spelet fram og tilbake, vi hadde vår størte sjanse på heading ved Morten, denne og skal i nota.. Vi legg så om siste 10 min og flytter Endre opp for å prøve å hente inn Jølster. Dette skjer ikkje og vi skaper faktisk ferre sjansar en ved å ligge i 4-3-3. I standen blir det store rom og Jølster fillerister oss site 10 og sluttar på 6-1. Vi taper nok ein kamp og heilt fortjent men viser at der er håp. Det vi viste dei første 20-25 min i andre omgang skal vere godt nok til å ta poeng i kampane som kjem. Vi har no virkelig kniven på strupa, kun 3 poeng mot Dale komande helg er godt nok. Vi skal gjere alt som står vi vår makt for å stille med eit slagkraftig lag mot Dale, vi må ha ein trepoengar og den må kome til helga. Vi må nok minst ha 6 poeng på dei siste tre kampane, tøft nok, men slett ikkje håplaust. Vi må fortsette i det sporet som vi viste i delar av andre omgangen mot Jølster, vi må sette sjansane våre så er dette mogleg. Jølster - HIL 6-1 ( 1-0 Golanhøgda 21.09 kl 15:00 HIL Krister Per Otto, Sindre, Endre, Jan Rune Marius, Håvard, Ole Christian, Mini Anders, Morten Mål HIL: Mini 46min Gult kort: Mini Raudt kort: Gunnar Kristian 15 min for Anders Even 5 min for Ole Christian