Herrar: Hornindal-Dale 0-5

HIL makta ikkje å gje Dale kamp om poenga i årets siste heimekamp på Idrettsparken i går ettermiddag. Dritver, dårleg bane, null nada publikum, samt at Dale var best i det meste og vi var bakpå frå første spark på ballen. Det er vel ei grei oppsummering av den kampen. Eit rutinert Dalelag fekk kampen akkurat slik dei ville. Særleg på corner og frispark var Dale gode, nettopp dødball i mot skapar vi alt for mykje av. Når vi då heller ikkje klarer å demme opp på desse blir det farleg kvar einaste gong. 0-2 til pause vart til slutt 0-5. Eit par av måla burde vi strengt tatt ha klarert men slik vart det ikkje. Med Lærdal siger i går er det kun Askvold/Holmedal vi kan gå forbi, men det betyr at vi må slå Saga og Syril i dei siste to kampane samt at A/H ikkje tek poeng. Ei særs vanskeleg oppgåve og lite truleg, men vi må gjere eit siste forsøk. Kan vi slå Saga og A/H taper så kan det bli litt spenning foran siste kamp. Skulle det bli slik at vi ikkje klarer det sjølve må vi håpe på at Førde tek skalpen til Åskollen slik at vi kan få spele 4 div også i 2009. HIL - DALE 0-5 (0-2) Krister Jan Rune, Martin, Endre, Rasmus Marius,Håvard,Per Otto Morten,Terje, Ole Christian Anders Elling 55 min for Jan Rune Olav 15 min for Ole Christian Kristian 10 min for Per Otto