Saga utklassa oss....

HIL sitt herrelag tapte i dag stort mot Førdelaget Saga på Førde Stadion. Saga med rutinerte spelarar som Kai Vidar Nygård i spissen valsa over oss og gjorde omtrent som dei ville i 90 min. 5 mål i kvar omgong seie sitt. HIL skapte lite, men hadde sjansar i 1 omg til å putte eit mål eller to men avsluttningane sto i stil til innsatsen til laget i dag. Saga vann fortjent og heldt fokus heile kampen og kunne fort ha score månge fleire mål. Dermed var siste teoretiske sjanse for sjøl å berge plassen i 4 divisjon ute. No er det opp til Førde å berge oss for vidare spel i 4 divisjon neste sesong. Som et siste hjertesukk so må eg seie at spelarane bør gå i seg sjøl for å finne ut kva dei vil med fotballen i framtida. Er ein med så er ein med!!! Vil vi noko med fotballen folkens kan det bli spennande i 2009!!!;) PS!! For spelarane som var med i dag so legg vi ikkje ut laget. Ingen fortjent stjerne for innsatsen i dag. Det var rett å slett altfor svakt.