5 divisjon neste år

Då er det klart at det bli nedrykk for herrelaget. Den siste sjansen for å overleve i 4 divisjon var at Førde tok turen opp i 2 divisjon. Førde leda som kjent 2-0 etter 1 kamp, men tapte i dag heile 8-1 mot Åskollen i Drammen. Dermed må HIL sine herrar ta vegen ned i 5 divisjon. Dette betyr at Skavøypoll rykke ned til 4 divisjon, HIL til 5 divisjon og Oppstryn og Vadheim/Høyang2 rykke ned i 6 divisjon. Synd for fotballen i Sogn og Fjordane at Førde ikkje klarte opprykket til 2 divisjon. Dermed vert det truleg duka for lokaloppgjer mot Loen igjen neste år.