Gil Edwards spelar på avsluttningsfesten

Sjøl om årets sesong vart ein sportsleg nedtur so kan ikkje vi grave oss ned. No har vi fått slikka såra og lysta og trua på at HIL skal karre seg opp frå botnen igjen er begynt å kome. Uansett so skal vi avslutte årets sesong med en fest på Dølheim laurdag 8 november, og ingen ringare enn Gil Edwards spelar opp til dans etter at vi har ete go mat, delt ut prisar til årets spelar,årets talent og årets toppscorar og hatt litt enkel underholdning. Festkomiteen med Marius, Samuline og Beate i spissen er i god gong so festen er i trygge hende. Påmeldingane er begynt å kome so dette vert bra!!! Litt praktisk info: Laurdag 8 november Dølheim opnar kl.18.30 Mat kl.19 Underholdning,taler og utdelingar ca.20.30 Dans (GIL EDWARDS) 22-02.30. Mat og dans kr.200 Dans kr. 130 18 årsgrense. Påmelding(kun dei som ska ha mat): 90841249