Årets kåringar

Laurdag 7 november hadde HIL sine seniorlag avsluttningsfest på Dølheim. Nærmare 40 stk var samla til mat og underholdning frå kl.19-22.30. Etter på kom det enda meir folk og til slutt var det ca 130 stk samla til dans. Alt gjekk fint føre seg og stemninga va god til långt på natt. Årets kåringar Damer: Årets talent: Ida Pauline Lødøen Årets toppscorar: Rosmari Heggen Årets spelar: Beate Lødemel Herrar: Årets talent: Kim Runar Heggen Årets toppscorar: Eivind Grodås Årets spelar: Martin "Rooney" Seljeset Herre/dame: Årets billettør: Lars Roar Sollid. Takk til festkomiteen for flott opplegg og spesiell takk til Marius som laga eit flott lysbildeshow. Viss det lukkast vil Marius legge dette ut på youtube. Har problem med å få lasta opp bilda frå utdelingane, men dei kjem so snart eg får det te...