Visste du at? Del 12

Honndalscupen har som kjent ei spennande historie. Månge "slag" har blitt utkjempa sidan starten tidleg på 1930-talet. Då gjekk kampane på hausten og dei fyrste cupane vart spelt på markane på Ytrehorn. Her har vi henta fram eit bilde frå 1976. Nytt av året i 1976, var kåring av tureringas beste spelar. Ottar Lødemel fekk dermed æra av å bli den fysrte spelaren i Honndalscupen si historie som fekk denne tittelen. Det kan nemnast at Gunnar Grodås er den einaste som har blitt kåra til turneringas beste spelar 3 gongar. KILDE: FJORDINGEN. 1976 Deltakande lag: Fart, Sæbø, Stryn og Hornindal Innleiande kampar: Hornindal – Sæbø 3-0 (0-0) 1-0 Njål Lødemel (smelte til frå 20 meter) 2-0 Njål Lødemel 3-0 Ottar Lødemel Fart – Stryn 3-1 Rune Tonning reduserte til 2-1 for Stryn med det som vert karakterisert som årets mål på Hornindal Stadion, eit brassespark frå 16 meter. Bronsefinale: Stryn – Sæbø 2-2 1-0 Andreas Vik 2-0 Andreas Vik 2-1 2-2 Arne Hool bomma på straffespark like før fulltid, og dermed skulle kampen avgjerast på straffespark. Desse 5 tok straffespark for Stryn: Odd Hoel, Rune Tonning, Arne Øvreberg, Andreas Vik og Arne Hool. Keeper Jan Aabrekk redda to straffespark og dermed vann Stryn bronsefinalen. B.f.v: Ottar Lødemel, Njål Lødemel, Robin Grodås, Rune Hatlelid, Ståle Hatlelid og Bottolf Grodås. F.f.v: Lars Dybevold, Magnar Lødemel, Geir Haugen, Arild Seljeseth og Nils Haugen. (BILDEKILDE: LARS LUNDE) Finale: Hornindal – Fart 3-1 1-0 Njål Lødemel 1-1 Straffe 2-1 Ståle Hatlelid 3-1 Ståle Hatlelid Dette var utan tvil den beste kampen i turneringa. Ottar Lødemel vart kåra til turneringas beste spelar og ca 500 stk såg finalen. Desse var med på HIL: Njål Lødemel, Ottar Lødemel, Håkon Raftevold, Bjørn Lødemel, Lars Arne Haugen, Ståle Hatlelid, Nils Haugen, Rune Hatlelid, Rolf Taraldset, Mattias Lunde, Bottolf Grodås, Magnar Lødemel, Arne Bruheim, Geir Haugen, Arild Seljeset og Lars Dybevold.