Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
I ei treningsøkt på Eid Idrettspark i kveld vann Haugen 4-1 over Hornindal.Olav Otterdal scora HIL sitt mål.
Vi sleit skikkeleg med å stille lag til kampen i dag. Faktisk so hadde vi berre 10! spelarar disponible til kampen.
Vi var klar for å avlyse, men vurderte at dei som var disponible til ei økt fotball ville få verdifull trening på glimrande forhold på ei nydeleg Eidamatte (kunstgras). Vi lånte et par trivelege gutespelarar frå Eid som gjorde ein kjempeinsats, samt ein hyggeleg kar frå Haugen som sleit som pokker for oss på kanten. Til slutt lånte vi ein utespelar dei siste 30 min i mål etter at målvakta vår måtte ut med skade.
Alt i alt ei god treningsøkt. Takk til Haugen for flott instilling, det same til dei to koselege karane frå Eid som seriøst ville banke Haugen :-)
Kjekt også at Kai Bjørn Gjengedal vart med oss som keeper til denne kampen. Kanskje ser vi denne gode rutinerte målvakta og kjernekaren fleire gongar i buret for HIL, ken veit ?
Dermed står HIL med 2 tap og ei tapt treningsøkt :-) i sesongoppkøyringa.
Vi satsar på å få til ein avsluttande treningskamp med fullt mannskap før serien tar laust 30 April.
Når gymsalfenomentet glir ut av skona våre skal vi bli trøblete å slå..
|
|
|