Herrelaget serieopnar torsdag

Torsdag 30 april spelar herrelaget årets fyrste seriekamp. Det er Breimsbygda som står på motsett banehalvdel når dommaren bles i gong sesongen 2009. Avspark er kl.19.00 HIL har ikkje spelt mot Breimsbygda sidane sesongen 2002 når HIL rykte opp frå 6 divisjon. Heimekampen den sesongen vann vi med 6-0. To av spelarane som scora i kampen er framleis med. Det er Svein Olav Solum og underteikna. I tillegg scora Odd Arne Bergset 2, Kjell Arne Vartdal og Stig Tisthammar. Bortekampen same sesong enda med 3-4 siger. Odd Arne Bergset vart den store helten med 3 mål. Endre Lødemel scora det fjerde. Elles kan ein nemne at HIL har hatt mange kampar mot Breim/ Breimsbygda oppgjennom åra. Største heimesiger (registrert til no) er 7-0 i 1964. Meir om kampen kjem når det nærma seg torsdag.