Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Då har Marius Grodås kome nedatt på jorda etter slitesigeren i Vik på fredag. Han har teke seg tid til skrive litt om kampen sett gjennom dei sylskarpe trenaraugene.
Laget som starta:
Tonje Fannemel
Beate Lødemel
Elise Lunde
Hanna Tenden
Anja Tomasgård
Helene Otterdal
Ida Lødøen
Innbyttera:
Line Romsøe
Mariell Nesje
Damene (mine) starta kampen bra og pressa dei første 15 min. Kom til et par halvsjansar, men og til en stor sjanse med Ida (trur eg), som desverre satte ballen midt på keeperen. So te slutt klarte Vik å få ballen oppover på bana, å jaggu satt ikkje dei den og. So pressa vi igjen, og klarte midt i omgången å sette ballen i mål. Et fantastisk bra innlegg eller ett skudd (vanskeli å sei) frå Hanna, rett på pannebrasken til Ida som enkelt heada den i mål frå 30 centimeter.
Deretter pressa vi vidare, men dei fekk og et par sjansa. Men jaggu klarte dei å få ballen i mål igjen ette en halvsjanse. Vik hadde og et skudd i tverrliggaren gjekk ned på streken, trur faktisk den va inne, men dommaren va snillde å lot spele gå vidare. So fortsette damene å presse på, og Hanna klarte å trakke seg gjennom forsvaret deira å tuppa ballen forbi keeperen. 2-2 til pause.
Dommaren i pausa: ¨no ha Vik brukt opp flaksen sin, so no e det berre å kjøyre på so vinne dåkke! Scora lett 3-4 mål i andre omgång!¨ Må sei eg vart litt fan av dommaren. I tillegg dømte han en fantastisk god kamp.
I andre omgång var spele litt jamnare. Begge laga hadde sine sjansa, men syns vi hadde en viss kontroll på kampen. Litt over midtspelt andre omgång, tok Anja med seg ballen frå midten, satte max speed og tuppa ballen forbi keeperen. Like etter vart ho MEIA ned av ei Vik dame. Anja vart nukk litt for lett i den duellen ja. Vik dama fekk gult, mens Anja fekk ikkje sett vinnarmålet sitt og låg på grasmatta å leita ette luft i 10 sekund. Men selfølgeli gjekk det bra når ho scorte.
Vik pressa litt høgare på slutten, og hadde en aleine med keeperen heilt på tampen. Men Tonje gjore ei strålandes redning å redda heimreisa vår:)
Alt i alt er eg fornøgd med dei to første kampane vi har spelt. Litt skuffa over at alle ikkje scorte mot Hyen. Det må eg innrømme.
Men 6 poeng er 6 poeng, og eg er stolt av damene mine!:) (so långt)
No kribla det i beina før neste kamp, å då får vi sjå kor mykje vi vinne då!;)
Mvh Coach Grodås
Neste kamp for damelaget er mot Tambarskjelvar på heimebane torsdag 28 mai kl.19.00 |
|
|