Troppen mot Loen

Då nærma det seg avspark på det som underteikna vil betegne som årets tøffaste bortekamp. Loen med hærførar Jan Erik Sandbakk i spissen har dei siste 2 åra jobba veldig seriøst og målretta for at Loen skal kome tilbake på fotballkartet i Sogn og Fjordane. Etter nedturen i sesongen 2006 og utan lag i 2007 valsa Loen gjennom 6 divisjon i fjor og er no tilbake i 5 divisjon, der Honndalen og Loen sist møtte kvarandre i 2003 sesongen når Loen rykte opp i 4 divisjon i lag med kretsmester Stryn 2. HIL har dei siste sesongane hatt med fleire spelarar frå Loen. Spesielt Andre Haugen og Lars Ove Rake har vore viktige bidragsytarar for HIL. Også Andreas Drageset og Jan Erik Sandbakk har spela en del kampar for HIL. dei var med å berga HIL sin plass i 4 divisjon hausten 2007. I morgon er det duka for gjensyn med fleire av desse i bataljen på Loen Stadion. Kampen startar kl.13 og vi oppfordrar bygdefolket å ta turen til Loen for å støtte opp om A-laget. HIL har føgande spelarar disponible i morgon: Even Lødemel Jan Rune Oppheim Martin Seljeset Morten Taraldset Lars Erik Kandal Kim Runar Heggen Olav Otterdal Trym Eirik Bjørneset Tarjei Lødøen Rasmus Gausemel Kristoffer Grodås Kai Bjørn Gjengedal Per Otto Lien Kristian Haugen Lars Valheim HIL-Fotball.no ynskjer både Loen og HIL lukke til med kampen. PS!! Neste heimekamp for herrane er mandag 1 juni (2 pinsedag) kl.13.