Litt meir om kampen mot Lærdal (oppdatert)

Lærdal – Hornindal (0 – 3) 0 – 6 Damelaget var som kjent i Lærdal på fredag å knuste heimelaget 6-0. I Coach Grodås sitt fråvær var det ein annan Grodås som fekk i oppdrag å styre honndalsskuta i sogn denne dagen. Ann Kristin Grodås var den som fekk oppdraget, og etter "klare og tydlege" instruksar frå Marius Grodås var dette ei oppgåve ho løyste med glans. Ann Kristin har sendt oss følgande om kampen: Start 11ar Tonje Fannemel Samuline Seljeset Elise Lunde Gunnlaug Tenden Anja Tomasgård Ingrid Maurset Marie Ingeborg Espe Ann Krsitin Grodås Ida Pauline Lødøen Hanna Tenden Ivrine Kristensen Reserver: Linda Kristin Tomasgård Anita Gjørven Emilie Ottardal Mariell Nesje Ingvild Taralset Marte Gausemel Det var Lærdal som starta med ballen, men vi tok fort over og tvihaldt på den gjennom heile første omgong. Hornindal hadde mykje fint spel og pressa dei høgt. (Marius: Denne omgongen skulle du sett, du hadde nok vore stolt ja!!! :) HIL putta i alt 3 mål denne omgongen, og haldt nullen bakover. Etter pause blei vi litt på hæla då dei pressa høgt for ei utlikning, men utan hell. Med gode pasningar i bakrom sprang dei lynkjappe spissane i frå alt og alle og vi fekk til slutt 3 mål i denne omgangen også. OG vi haldt nullen bakover!! Kjempe bra jobba av alle HIL spelarar!!! Det var ein fortent og god siger Mål av: Ida Pauline Lødøen (2) Hanna Tenden (2) Emilie Ottardal Ivrine Kristensen Råtassen: Tonje Fannemel, gult kort på keeperhands, noko som etter alle HIL spelarar var feil avgjerelse av dommar. Litt notat frå benken: HIL starta med å presse bra, Ivrine med skudd rett over mål berre etter 2 min. 7 min spelt: 1-0 til HIL ved Ida, 10 min: fyste sjanse te Lærdal?:p 12 min, horribel dømming fører til inndirekte frispark. 18 min 2-0 Ida. 20 min, stor sjanse til HIL. 30 min, Ivrine skyt over. 44 min 3-0 til HIL ved Hanna. 2 omgong: 55 min: 4-0 ved Ivrine 59 min Hanna med skudd like over. 63 min: Tonje med enda ei superredning. 65 min 5-0 ved Emilie 72 min 6-0 ved Hanna. 75 min, superredning av Tonje igjen!!