Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Herrelaget snudde i kveld 3-0 til 3-4 på bortebane mot Jølster på kunstgrasbana på Skei.
Etter 50 katastrofale minutt vakna HIL. Ei kanon kontring via Morten, til Kjetil som serverar ei ferdigscora pasning til Marius som avsluttar kontringa med å sette i mål bak ein sjanselaus Gregor Filpzek stillinga er 3-1 og plutseleg er HIL med igjen i kampen.
Kva med 1 omgong?
Jølster er best og HIL er ikkje på høgde i det heile. Midtbana ligg for høgt, jobbar halvhjerta heimover og vi vinn ikkje duellane nokon plass på bana.
Etter jamne fyrste 20 min får Jølster corner, og Kjetil Klakegg headar Jølster i føringa.
4 minutt etter får HIL straffe når Morten vert lagt i bakken. Straffa set Marius utanfor og Jølster leiar fortsatt. 2-0 kjem etter 37min. Ein jølsterspelar tek ein salig hoftesving på Martin som endar utanfor sidelinja, dommar Jeiki frå Florø let spelet fortsette og jølster går rett på mål og Arvid Bakke sender Jølster opp i 2-0.
2 omgong:
2 omgong er ikkje meir enn 3 min gamal når Jølster aukar til 3-0. Det ser ut til å gå mot ein svart Jølsterdag for Honndalen sine utsende, men so vaknar HIL. 3-1 kjem på den omtala kontringa, d er då spelt i 50 min. HIL tek no over kommandoen og har fleire sjansar til å score. I det 64 min får HIL eit av mange frispark frå rundt 20 meter. Etter at Marius har mislykkast nokre gongar får Morten prøve seg og han bankar ballen i mål, 3-2!!!
HIL held fram å presse, Jølster er småfarlege dei få gongane dei kjem på visitt.
3-3 scorar Morten (underteikna huska ikkje målet) det er då spelt i 83 min.
HIL held fram å presse, og i det 89 min kjem sigersmålet. Erlend blir spelt åleine med keeper og chippar inn 3-4!!!! HERLEG!!!
Kampfakta:
Jølster 2 – Hornindal 3-4 (2-0)
1-0 Kjetil Klakegg 21 min
2-0 Arvid Bakke 37 min
3-0 Øystein Heggheim 48 min
3-1 Marius Grodås 50 min
3-2 Morten Taraldset 64 min
3-3 Morten Taraldset 83 min
3-4 Erlend Nordnes 89 min
Dommar: Jeiki, Florø
Gult kort:
Morten Taraldset
Hornindal
Kristoffer Grodås
Per Otto Lien
Jan Rune Oppheim
Håvard Maurset
Martin Seljeset
Anders E Kristensen
Kjetil Svarstad
Marius Grodås
Glenn Ove Rand ( Erlend Nordnes 46 min)
Lars Erik Kandal ( Trym Eirik Bjørneset 80 min)
Morten Taraldset
Jølster 2
Gregor Filpzek
Nils Bjarte Førde
Andre Heggheim
Øyvind Årdal
Stig H Sunde
Kjetil Klakegg
Kåre Åmot
Arvid Bakke
Øyvind Solheim
Øystein Heggheim
Andre Njøsen
|
|
|