Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Sigeren i går mot Jølster 2 på ei knallhard kunstgrasbane sat langt inne. Vi gjekk ut i ein 4-5-1 formasjon og planen var å strupe spel ut frå sidebackane samt ha ei ballansert og sterk midtbane. Slik gjekk det ikkje dei første 50min, midtbana vart liggande for høgt noko som skapte eit stort rom mellom vår back firer og vår midtbanefemmer. Mykje av grunnen til dette var at vi sto høgt og at motstandaren heile kampen igjenom satsa på direkte framspel til spissane. Ein håplaus type fotball som ga meg kink i nakken.. Kombinert med ei rask hard bane ga dette oss problem. Ein må og framheve at vi var uvanleg slurvete i alle spelets fasar i denne perioden.
I andre omgang la vi om til 4-4-2, med ein djup og ein høg sentral. Til tross for at vi fekk oss ein ny på trynet tre min etter kvilen såg ein fort at det var anna HIL lag på bana. Ballen gjekk kjapt langs bakken, mykje fint kombinasjonsspel og lekre angrep som førte til storte sjansar og til slutt fire fine mål. Kjekt å sjå at DEI som prøver å spele fotball faktisk ber fruktene til sjuande og sist. Det må seiast som avslutning at Jølster lykkast med sin type fotball i 50 min, heldigvis varer ein fotballkamp i minst 90 min.. |
|
|