Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Etter 5 kampar og like mange sigrar leiar damelaget 4 divisjon.
Før sesongen var det spenning om det vart ein divisjon i tillegg til 3 divisjon, og heldigvis vart dette noko av. Hadde det ikkje blitt hadde ikkje HIL stilt damelag, for belastninga med ca 20 kampar ville blitt stor på ein liten spelarstall.
Damelaget har nokre trasige sesongar bak seg med mykje tap og stor slitasje på ei lita spelargruppe. I år virka det som spelegleda og motivasjonen er tilbake.
Anført av trenar Marius Grodås har damene gjort sine saker særdeles bra. Dei har valsa over dei fleste laga, berre bortekampen mot Vik vart ein slite kamp.
Ekstra kjekt er det at jentespelarane Anja Tomasgård, Emilie Otterdal, Helene Otterdal og Tonje Fannemel kjem opp på damelaget og er med på å tilføre laget ei ekstra breidde. Anja har scora 6 mål. Tonje har stått i mål i 4 av 5 kampar og har kun 3 baklengs i sin debutsesong på damelaget, ikkje verst!
Det var ekstra kjekt at Marius Grodås ( 21 år) tok på seg oppgåva som trenar. Han har styrt treningane sidan oppstarten i januar. Han har knapt vore vekke frå treningane og berre kollisjonar med herrekampane har gjort at han ikkje har kunna leia damene frå sidelinja, men når han har vore oppteken har Ann Kristin Grodås og Ola Roar Fannemel steppa inn og hjelp til.
I tillegg takkar vi dei som ha stilt opp som billettørar, kioskvakter, speaker, klokkeansv osv. Håpar de stille på i haustsesongen også.
I treningskampane vart det to sigrar på to forsøk:
Loen 4-2
Sunnylven 3-2
I serien ha det gått slik:
Hyen 20-0
Vik 3-2
Tambarskjelvar 13-1
Lærdal 6-0
Hafslo 10-0
Imponerande målforskjell på 52-3
Desse har scora måla:
Ivrine 12
Hanna 11
Ann Kristin 7
Anja 6
Ida Pauline 6
Ingrid 2
Mariell 2
Ingvild 1
Emilie 1
Marie 1
Gunlaug 1
Helene 1
Sjølvmål 1
Korleis mannskapssituasjonen vert til hausten er ikkje avklara. Det som er sikkert er at Ann Kristin Grodås flyttar til Bergen og truleg flyttar coachen til Oslo.
Andre spelarar som er på flyttefot veit eg ikkje om.
Uansett, HIL har ok breidde i stallen til å kunne gjennomføre sesongen skikkeleg. No bør målsettinga bli å vinne KM-Tittelen.
Fyrste kamp i etter ferien vert ein tøff bortekamp mot Hyen på grusbana der inne den 21 august. Sjølv om ein vann 20-0 i fyrste kampen trur eg denne kampen vert tøffare enn dei fleste av spelarane trur, so her gjeld det å ha fokus damer!!
HIL-Fotball ynskjer damelaget god sommar og lukke til med haustsesongen.
|
|
|