Oppsummering av vårsesongen herrelaget

Sesongen for herrelaget er også halvspelt, Etter nedrykket i fjor trudde nok dei fleste at HIL skulle bli å rekne med i årets 5 divisjon. Når kalenderen viste ca 25 januar og HIL ikkje var komne skikkeleg i gong med dei organiserte treningane, spelarstallen på langt nær va på plass, var det fleire av oss rundt herrelaget som snakka om at kanskje vi skal trekke HIL frå fotballkartet i Sogn og Fjordane føre sesongen 2009. Heldigvis kvitta vi oss med dessa tankane og gjekk til verket med ”friskt mot”. Steinar Bakka som også er leiar i fotballgruppa på senior tok også på seg trenaransvaret. Treningane starta opp, og oppmøtet varierte, men ei trufast stamme på en 6-8 spelarar gjorde at ingen mista trua. Oppkøyringa til sesongen var heller ikkje noko å snakke om. Tap mot Åheim 5-1 var surt nok, men her skal ein hugse på at dette var fyrste økta utan for gymsalens fire vegga. Deretter vart det tap mot 6 divisjonslaget Haugen, i denne kampen hadde HIL kun 10 spelarar disponibelt, og vi fekk låne spelarar med Haugen i tillegg til at alle andre med fotballsko på Eid Idrettspark den kvelden fekk spele nokre minutt for HIL. Siste kamp før alvoret starta gjekk mot divisjonskollega Bremanger. Ein kamp vi tapte 3-1. Mykje positivt i den kampen og vi følte at vi va på rett veg. I løpet av vårsesongen har det blitt 5 sigrar og 2 tap. Med tanke på kor svart det såg ut i januar so må dett seiast å vere i overkant av kva underteikna hadde forventa av laget før sesongen. Også for herrelaget er humør og speleglede på plass igjen. Sjølv etter 6-0 tap borte mot Loen var det ikkje nokon på laget som var særleg deppa. Vårsesongen har vi kome oss ståande gjennom. Eg har ikkje tal på kor mange spelarar vi har brukt i løpet av desse kampane, men eg trur vi vertfall bikka 25 ulike spelarar fordelt på 7 kampar. Til dømes på keeperplassen har vi brukt 4 uliek keeperar, Kristoffer Grodås ( Loen, Tornado/Måløy og Jølster), Kjetil Grodås (Breimsbygda) Edvin Haugen (Bremanger) og Krister Seljeset ( Florø 2). Tek vi med at Kai Bjørn Gjengedal spelte treningskampen mot Haugen er vi oppe i 5 keeperar. Kva lag i fotballnorge kan skimte med 5 kvalitetskeeperar i spelarstallen?  Siste kampen mot Florø vart flytta frå onsdag til måndag etter kommunikasjonssvikt mellom oppmennene. Dessverre førte dette til at fleire spelarar ikkje kunne vere med på siste kampen før ferien. HIL reiste ut med 11 mann og tapte 1-0. Uansett, HIL har gjennomført ein vårsesong som trenar og spelargruppe kan vere stolte av. Spesielt synst eg tonen i laget både på og utanfor bana har vore en del betre enn på fleire sesongar, FLOTT!! Vi takkar alle (speakerar, billettørar, kioskvakter osv) som har støtta opp om laget gjennom vårsesongen og håpar at alle vil vere med å drage lasset sesongen ut. No gjeld det berre å fullføre sesongen, vi Sesongoppkøyringa: Åheim 1-5 Haugen 1-4 Bremanger 1-3 Sesongen: Breimsbygda 1-0 Loen 0-6 Bremanger 3-1 Tornado/Måløy 1-0 Eikefjord 7-1 Jølster 2 4-3 Florø2 0-1 Målscorarar: Morten 7 Marius 2 Terje 2 Olav 2 Erlend 1 Anders 1 Sjølmål 1 Fyrste kamp i haustsesongen er borte mot Breimsbygda fredag 7 august.