En siger og et tap for jentelaget i Norway Cup

HIL sitt jentelag er denne veka på Norway Cup. Ei av verdas største fotballturneringar starta i går og Hornindal sine jenter tapte 3-0 mot Stadsbygd frå Trøndelag. Til kampen i dag hadde spelarane rista av seg skuffelsen etter eit trasi tap. Motstandar i dag var Vålerenga sine jenter på Valle Hovin, og Honndalstausene knuste Vålerengajentene ned i støvlane!! Sluttresultatet vart 5-0 i favør HIL. Ein fornøgd trenar Robert Grodås rapporterte frå Oslo. Jentene gjorde ein kjempejobb i dag og alle spelarane var på bana i løpet av kampen. Målscorar var: 1-0 Marie Haugen 2-0 Ida Pauline Lødøen 3-0 Anna Hofseth 4-0 Nina Tomasgård 5-0 Helene Otterdal Vålerenga fekk straffe like før slutt, men sette den over HIL sitt mål. I morgon ventar Loddefjord som står med 2 strake sigrar so langt i turneringa. Vi i HIL-Fotball ynskjer jentene lukke til!!!