Jentelaget rauk ut av Norway Cup

I går (onsdag) spelte jentelaget mot Lyn i 32 delsfinalen i a-sluttspelet i Norway Cup. Kampen enda med 5-0 tap mot jentene frå Oslo vest. I følge trenar Robert Grodås er dette eit av sei beste laga i jenteklassen. Likevel, Robert var godt fornøgd med innsatsen til jentene, spesielt keeper Tonje Fannemel gjorde ein kjempekamp. Tonje hadde fleire gode redningar som hindra at tapet vart større. Også Lyntrenaren skrytte av Tonje sin innsats etter kampen. No er dei fleste av delegasjonen på veg heim til Honndalen etter nokre flotte dagar i Oslo. HIL-Fotball gratulerar jentene med flott innsats!! Lykke til vidare i sesongen.