Ei lang og innhaldsrik karriere er over

Etter ei lang og innhalsrik karriere har Harald Lødemel bestemt seg for å legge opp. Etter eit par sesongar i Årdal FK i 3 divisjon er det karrierepunktum for Harald. Pga av ny jobb både for han og sambuar vende han og familien tilbake til Raufoss. Harald har vel å merke sagt til Årdal FK at han vil vere disponibel i enkelte kampar dersom dei skulle ha bruk for han, så heilt slutt er truleg ikkje, men han kjem ikkje til å spele fotball fast kvar helg. Harald kan sjå tilbake på ei flott fotballkarriere der han har spelt for desse klubbane (forutan moderklubben): Sogndal, Start, Raufoss og Årdal. I tillegg vart det ca 40 kampar på ulike aldersbestemte landskampar for Norge. Vi i HIL-Fotball.no takkar Harald for innsatsen som ein god ambassadør for bygda og Hornindal Fotball.