Breimsbygda - HIL 3-2 (herrar)

Fredag møtte vi Breimsbygda til kamp på den nye kunstgrasbana til Sandane. Etter at vi leda 2-1 til pause etter scoringar av Kjetil Svarstad og Morten Taraldset, snudde Breimsbygda kampen og vann altso 3-2. For HIL sin del følest dette som eit lite ran. Store delar av kampen har vi ganske god kontroll, men når vi ikkje klarar å score på nokon av dei store sjansane vi har so blir det tap. 3-4 i stolpen, 2-3 gongar åleine med keeper og eit par gedigne missar på ope mål, men ikkje fleire mål. Vi gratulerar Breimsbygda med sigeren og ynskjer dei lukke til vidare i sesongen. Etter 8 serierundar er det jamt i toppen. Eikfjord vann 4-2 mot Bremanger og Loen spelte 2-2 mot Breimsbygda. Eikefjord og Loen på 16 poeng, og Hornindal og Bremanger på 15 poeng.