Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Dagens a-lag gjekk sigrande ut av duellen med 1989 utgåva av a-laget.
1989 laget anno 2009.
Bak frå venstre: Einar Bjørn Taraldset, Rune Haugen, Magne Øen, Knut Lillestøl, Knut Jarle Kroken, Reidar Støverstein, Odd Tore Seljeset, Sigfred Lillestøl.
Framme frå venstre: Gunnar Grodås, Robert Grodås, Per Ståle Lillestøl, Per Øen, Atle Kroken, Oddvar Espe, Sveinung Gausemel og Leif Kåre Flåm.
Dagens a-lag vann kampen 8-0. Etter 3-0 leiing til pause vart det ytterlegare 5 mål bak Per Øen i målet til 89-laget.
Målscorarar:
Edvin Haugen 3 mål
Terje Flåm 2 mål
Anders Elling Kristensen 1 mål
Morten Taraldset 1 mål
Endre Lødemel 1 mål
Rune Haugen, Lars Taraldset og Jan Rune Oppheim før avspark.
Per Øen (52) gjorde ein god kamp i mål og hadde fleire redningar av høg klasse. Kampen gjekk fint føre seg, og kampens dommar Lars Taraldset kunne holde korta trygt i lommen.
1989 laget med trenar Bottolf Grodås går gjennom taktikken ein siste gong før avspark.
Mykje folk såg kampen!! Tenk om vi kunne hatt det slik på kampane i framtida ;)
Kristoffer hadde en roleg dag på jobben, men her va det nære på!
To gode fotballvennar, Knut Lillestøl og Sverre Heggen.
Rune Haugen og Terje Flåm etter ein duell som ikkje enda med mål.
Bottolf Grodås tilbake på sidelinja som trenar. |
|
|