HIL - Jølster 2 3-3 (herrar)

Herrelaget spelte uavgjort 3-3 mot Jølster sine nest beste. 2 tidlege byte pga skade øydlegg mykje av kampen, men laget skal ha honnør for innsatsen i dag. HIL leia 1-0 til pause etter mål av Terje Flåm. I ein omgong der HIL styre det meste og har fleire opplagte målsjansar, medan Jølster kun har nokre halvsjansar. Det at Kim Runar Heggen og Kristoffer Grodås må ut med skade før det er spelt 20 min gjer kampen tøff for HIL. To tidlege bytter gjer at slutten av kampen vert tøff, men laget jobba bra!! 2 omgong startar Jølster forrykande og dei fyrste 10 min køyre dei fullstendig over eit tafatt og stille ståande Honndalslag og snur kampen til 1-2. Deretter har HIL ein god periode og snur tilbake kampen i sin favør. Mål av Lars Valheim og Håvard Maurset ser ut til å sikre HIL 3 poeng, men 4 min før slutt er Daniel Fluge frampå og sikrar Jølster 1 poeng med heim til Jølster. Kampfakta: Hornindal - Jølster2 3-3 (1-0) Målscorar: 1-0 Terje Flåm 37 min 1-1 Daniel Fluge 48 min 1-2 ? 52 min 2-2 Lars Valheim 67 min 3-2 Håvard Maurset 73 min 3-3 Daniel Fluge 86 min Gulekort: Per Otto Lien og 1 til Jølster. Dommar: Kjell Alme, Sandane HIL sitt lag: Kristoffer Grodås (Edvin Haugen frå 20 min) Per Otto Lien Jan Rune Oppheim Håvard Maurset Martin Seljeset (Lars Valheim frå 62 min) Anders Elling Kristensen Kim Runar Heggen (Stian Taraldset frå 16 min) Rasmus Gausemel Tarjei Lødøen Svein Olav Solum Terje Flåm