Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Bremanger Stadion før kampen. Eit flott anlegg!
Hornindal reiste til Bremanger med 10 spelarar!! og tok med poeng heimatt. Ein fantastisk prestasjon mot eit heimelag som jagar opprykk til 4 divisjon.
Ein fornøgd gjeng etter kampen!!
Bak frå venstre: Steinar Bakka, Svein Olav Solum, Martin Seljeset, Håvard Sollid, Ole Christian Nygård, Stian Taraldset og Rasmus Gausemel.
Framme frå venstre:
Per Otto Lien, Jan Rune Oppheim, Edvin Haugen og Even Lødemel.
Fyrste omgang var ein perfekt taktisk omgang, særs kompakte jobba laget knallhardt i 4-4-1. Til pause sto det 0-0 som slett ikkje var eit feil bilde av omgangen. Ser faktisk at Bremanger på si heimeside oppgir 2-1 i store sjansar for HIL dei fyrste 45 :-)
Vi var naturlegvis klar over at vi ville bli satt under press i andre omgang når det måtte byrje å røyne på kreftene. Bremanger kom ut i hundre og pressa oss høgt og kom til fleire dødballar tidleg i omgangen. På ein av desse skåra dei og det sto 1-0 etter 52 min spel.
Men HIL datt absolutt ikkje saman og fortsette med å forsvare seg godt. Bremanger var naturlegvis det førande laget uten at dei kom til dei virkelig store sjansane. Mot slutten slapp dei fram mykje folk og vi fekk fleire gongar tak i ballen høgt oppe i bana, vi viste at vi kom til ein stor sjanse før eller seinare.
Ole Christian Nygård scora det viktige 1-1 målet!!
DEN KOM, Ole Christian fekk halvtreff på ballen og den fekk ein ekkel skru som keeper feilberekna og ballen enda mitt i mål til 1-1. Etter 5-6 ekle og lange overtidsminutt kunne 10 trøtte HIL spelarar juble over eit poeng.
Desse karane sto for poenget i går:
Edvin Haugen
Martin Seljeset, Per Otto Lien, Jan Rune Oppheim,
Rasmus Gausemel, Svein Olav Solum, Stian Taraldset, Ole Christian Nygård, Håvard Sollid, Even Lødemel
Ein fornøgd gjeng på veg heim. Dette bildet er teke på ferjekaia på Oldeide.
Frå venstre: Svein Olav, Ole Christian, Per Otto, Rasmus, Martin, Jan Rune, Even, Stian, Edvin og Håvard.
|
|
|