No er det nokre som kjenne Loen godtsom skal synse litt om storkampen søndag.
Dei har fått følgande spørsmål:
Spm1: skal du på kampen søndag?
Spm2: Loen vann 6-0 i Loen i vårsesongen, korleis endar denne kampen?
Spm 3: Kven rykke opp frå avdelinga? (Eikefjord, Loen, Bremanger?) Har HIL ein sjanse på opprykk?
Spm 4: Kva tykkje du om Loen og Hornindal sin sesong so langt?
Spm 5: Trur du Jon Rasmus Sæbø scorar mål på Parken søndag?
Fyrste mann i artikkelen er ein gamal kjenning, Andre Haugen spela fleste parten av kampane for HIL i fjor og hadde ein god sesong i Honndalsdrakta.
No er han tilbake i Loendrakt,men har dessverre ikkje tid til å kome tilbake på Parken denne gongen. Uansett han har desse tipsa om kampen:
1.
Nei, det blir nok ikkje til det. Bur i Bergen, og denne helga passa det desverre dårlig å reise heimover.
2.
Trur det kan bli ein jamn batalje det her. men trur Loen scorer vinnarmålet i sluttminutta. seier 3-4 til Loen.
3.
Er mange lag om beinet her, men fryktar at Eikefjorden kanskje er hakket kvassare no på slutten. men ingenting er avgjort, og tre poeng på søndag blir avgjerande for både Loen og HIL.
4.
Har vel ikkje god nok oversikt til å sei for mykje om det, men er vel ikkje so hakkande gale når ein er opprykkskandidat :)
5.
Sæbøen skaller inn det 4. målet til Loen i det 89. minutt :)
Lykke til
Bjørn Egil Moldestad, ex-oppmann og webredaktør på loenil.com seier dette:
1:
Nei, desverre. Bur i Bergen, og har ingen planar om å reise heim denne helga
2:
Eg trur no at Loen har eit betre lag enn Hornindal, men det kjem veldig ann på kven som blir med. Har ikkje fullt med så mykje i år, men om Loen klarer å mønstre eit tilnærma førstelag, så trur eg nok at Loen vil stikke av med sigeren her. Hornindal er dog ikkje noko dårleg lag, så ein veit aldri. Dristar meg likevel til eit 2-5 tips.
3:
Ut i fra tabellen er det mange lag som kan rykke opp. Misforstå meg rett, men eg håpar ikkje at Loen er blant dei som rykker opp. Eg trur at den kombinasjonen av dei purunge og gode ringrevane som Loen har disponibelt har godt av å være i 5.divisjon enda ein sesong. Ein ser at resultata varriera fra storsigrar mot Hornindal og Tornado Måløy, til stortap på Eikefjord. Dette fortel berre at ein har eit for varrierande spelargrunnlag til å spele i 4.divisjon. Nivået der er nok ikkje så mykje høgare, men eg trur ein har godt av eit år til i 5.divisjon.
Hornindal har eg ikkje så mykje grunnlag å uttale meg på, men eg har sett at dei siste åra dei var i 4.divisjon, så sleit dei vel litt. Dei fekk god hjelp av dei spelarane som kanskje er blant dei beste på Loen no, og ein ser også at Hornindal varrierer voldsomt i resultata.
Eg hadde håpt at Stryn 2 klarte å rykke opp til 5.divisjon, slik at ein fekk enda eit lokaloppgjer neste år, men ettersom dei tapte mot Stadtlandet denne veka, så blir vel desverre ikkje det i år heller Kunne nok skreve ein del meir, men får vel begrense meg.
Trur Eikefjord kjem til å ta opprykket, og gjer ikkje dei det, så håpar eg Bremanger rykk opp..
4:
vil eigentleg berre vise til svar over. Har mange meiningar, men dei siste åra lite grunnlag å uttale meg, da eg berre følger det frå utsida.
5:
Så lenge ikkje sæbøen bli plassert i mål på søndag, så er der alltids ein viss muligheit for at han scora. Satsar på at han scorar siste målet til Loen, 4 minutt på overtid:)
Jamel Rake, ex-keeper og webredaktør. No
fotballekspert i VG:
Jamel Rake
Bilde er henta frå vg.no
1. Dessvere bur eg litt for langt unna til