Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Det nærmar seg sesongens høgdepunkt på heimebane, nemleg kamp mot Loen. Vårkampen i Loen har vi lagt bak oss, og ser fram mot den komande kampen.
Vi har stilt trenarane nokre spørsmål for å sjekke ståda i dei to leirane nokre daga før kampdagen.
Jan Erik Sandbakk (bildet)er Loen sin trenar, ein klassespelar som glatt kunne spelt mykje høgare i divisjonssystemet.
Han har følgande tips og tankar før avspark:
Spm 1: Korleis er ståda i troppen før kampen?
Det er som alltid litt blanda drops for oss som spelar i pondusdelen av
ligasystemet. Vi er alltid svært snilde, så ingen har karantene.
Bortebuarane våre hentar vi ikkje heim spesielt, så med mindre nokon av dei
tilfeldig vis er heimom til komande helg, så manglar vi her 5-6 spelarar som
alltid ville vore brennheite kandidatar til ei startoppstilling i Loen.
Heldigvis slepp vi stresse med dette då vi har ein brei stall (over 30) med
jamn god kvalitet og mange framstormande og motiverte ungdomar. 2-3 er
truleg ute med skade/sjukdom, men alt er nok ikkje 100% sikkert før vi
nærmar oss søndag.
Spm 2: korleis har sesongen vore so langt for laget ditt?
Det har vore opp og ned i både prestasjonar og derav resultat. Mest uro er
eg over att prestasjonane og innsatsen svingar kraftig innanfor kvar enkelt
kamp. Mest nøgd er eg med guttespelarane vi har fått opp på seniornivå i år.
Dei har teke nivået i 5.divisjon på strak arm. Driven i satsinga til Loen
frå 2008 og dei neste 5-10 åra ligg i at vi jobbar med stor deltaking og
mykje god kvalitet i dei aldersbestemte klassane, så det blir kjekt å følgje
alle i utviklinga framover og ikkje minst ta godt imot dei når dei kjem på
seniornivå. Ser vi bort frå at eg synest vi burde hatt betre uttelling i
poeng mot Bremanger og vår ekstremt svake prestasjon borte mot Eikefjord
(der vi kanskje stilte til start med vårt beste lag på papiret i år!), så er
vi sjølvsagt nøgde med plassering og poeng gitt at vi har underprestert i
for mange kampar denne sesongen og at vi i 2008 starta med blanke ark i
6.divisjon. Vi satsar sjølvsagt på at vi har dei store prestasjonane framfor
oss i dei kampane som står att denne sesongen.
Spm 3: Vårkampen enda 6-0 til Loen, korleis trur du denne kampen vert, og
korleis endar den?
På denne årstida, og med det veret vi har hatt dei siste månadane (!), så
ligg vel ikkje alt til rette for finspel akkurat. Dessutan er det jo
lokaloppgjer, og dei blir stort sett alltid tette bataljar. Dei som orkar
mest, legg størst innsats og vilje i det, og har marginane med seg vil nok
gå av bana med rett antall resultat og poeng. Så får vi sjå korleis det går.
Resultatet frå vårsesongen trur eg ikkje oddstipparane ville brydd seg om
ein gong. Vi tapar 2-7 borte mot Eikefjord. Hornindal vinn 7-0 heime mot
same laget. Det er rom for mange utfall i denne divisjonen...
Spm 4: Er målet opprykk til 4 divisjon?
Nei. Med mindre eg ein gong blir trenar på eit eventuelt betydeleg høgare
nivå, så vil det aldri bli sett slike mål med meg ved roret.
Som spelande trenar i Loen - derav fleire år i tospann med andre spelarar i klubben - har
målet alltid vert å skape prestasjonar for kvar enkelt og for laget som
heillheit gjennom fokus på trivsel, engasjement og begeistring. Og det viser
seg å gi resultat gjennom at mange melder seg engasjert på, trivst med
fotballen og i tillegg presterar på fotballbana. Det er då det blir kjekt og
du skapar miljø for rekruttering og engasjement i klubben til tross for tynne grunnlag. Og så blir det jaggu meg ofte gode resultat ut av det og.
Då spelar det mindre rolle kva divisjon ein tilhøyre. Ein slik filosofi må
sjølvsagt inkludere eit ope sinn i forhold til spelarar som ønskjer å satse
høgre oppe i systemet
|
|
|