Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Då er det Honndalsekspertane sin tur til å synse om kampen. Rasmus Fannemel og Frank Hool er desse ekspertane. Frank Hool har spelt for begge klubbane, sist for Honndalen i 2007 sesongen, medan Rasmus har vore innom a-laget og web-redaksjonen med ujamne mellomrom ;)
Frank har desse tankane om kampen:
Spm1: skal du på kampen søndag?
Skulle gjerne vore der, då eg likar meg særdeles godt i Honndalen.
Sist eg var i Honndalen sat eg på med Elias-båten. Det var kanonkult.
Søndag må eg dessverre halde meg heime å skifte farge på huset. Slikt tek tid.
Spm2: Loen vann 6-0 i Loen i vårsesongen, korleis endar denne kampen?
Eg trur det blir jamnare no. Loen har vore gode i år, men eg trur Honndalen
er på gang no. Heimebane betyr òg en del. Dessutan har eg haurt rykter om
at Solumen er i kanonslag om dagen. Jon Rasmus Sæbø er også rapportert i
kalasform for Loen, så det kan bli ein interessant duell dei to imellom.
Klart det også blir viktig for HIL at Steinar ”Laksen” Bakka er innpiskar på
sidelinja.
Spm 3: Kven rykke opp frå avdelinga? (Eikefjord, Loen, Bremanger?) Har HIL
ein sjanse på opprykk?
Eg trur på Loen og HIL! Må heie på mine tidlegare klubbar.
Spm 4: Kva tykkje du om Loen og Hornindal sin sesong so langt?
Eg tykkjer Loen har gjort ein god sesong med tanke på at dei var nyopprykka.
Hornindal har vore litt meir opp og ned,
men eg trur HIL avsluttar sesongen bra.
Spm 5: Trur du Edvin Haugen scorar mål på Parken søndag?
Det er vel meir sannsynleg at ordførar Bjørn Lødemel kastar seg opp i lufta
utanfor 16-meteren, og scorar med eit
flishardt brassespark klin i vinkelen. :-)
Rasmus Fannmel ex-webjornalist:
1
Nei eg skal nok ikkje det, er i Trondheim for tida.
2
Loen har vist seg å vere sterke i år, og Hornindal har vel ikkje den breidaste stallen tilgjengeleg i desse tider, om eg ikkje tar heilt feil. Men laget har fleire gongar vist at det meste er mogleg. Eg håpar honndølene stiller revansjelystne og gira til kampen! Då kan resultatet raskt bli positivt. Eg velg å håpe at vi på heimebane kjempar til oss seieren med 2-1 (ca.) Ellers blir det nok nokre gule kort, som det skal vere i eit heitt lokalderby.
3
Bremanger, nok ein gong gjetting der. Honndalen ha vel en litt for tynn stall slik eg har skjønt, til å rykke opp att no.
4
Hornindal har gjort ein grei sesong, med tanke på situasjonen før sesongen, og kansje spesielt den litt ustabile keepersituasjonen gjennom store dela av sesongen. Men godkjent:)
Loen sin sesong veit ikkje eg so altfor mykje om, men dei ligge no godt plassert iallefall:p
5
Edvin e nesten luftens baron, so viss han sleppe å stå mellom stengene, so skakje Loen føle seg for trygge:D
Uansett, lykke te, å husk å vise dei ken som e best:D! |
|
|