Damelaget kretsmesterar 4 divisjon 2009!! (oppdat

Damelaget sikra i går KM-Tittelen i 4divisjon etter 6-3 siger borte mot Hafslo. Kampen var jamn og Hafslo kunne fort teke leiinga både 2-3 mål, men ei solid Tonje Fannemel i Honndalsmålet heldt oss inne i kampen. Her er dei som var til Hafslo i går. Dette bilde er teke rett før champagne går i lufta. Bak frå venstre: Elise Lunde, Ida Pauline Lødøen, Linda Kristin Tomasgård, Line Romsøe, Ingrid Maurset og Ingvild Taraldset. Framme frå venstre: Ivrine Kristensen, Beate Lødemel, Tonje Fannemel, Marie Ingeborg Espe og Hanna Tenden. Hafslo tok ei fortjent leiing etter 19 min spel. Det gjekk ytterlegare 13 min før vi fekk ballen bak Hafslo sin keeper Guro Kvam, og 2 min seinare var kampen snudd til 2-1 i vår favør. Ivrine Kristensen og Ida Pauline Lødøen scora for HIL, men i det 39 min fekk Hafslo straffe. Straffa redda Tonje Fannemel, men eit sovande HIL-forsvar gjer at Silje Kaupi får sette returen i mål, og utliknar dermed til 2-2 som sto seg til pause. Dette er eit resultat HIL ska vere mest fornøgde md for det var heimelaget som absolutt ville mest i denne omgongen. 2 omgong var meir jamnspelt . HIL går kjapt opp til 3-2. Ida scorar etter fint forarbeid av Hanna. Deretter puttar HIL 3 mål til før Hafslo redusera til 3-6, som også blir sluttresultatet. Honndalen er dermed KRETSMESTERAR 2009!!! Kampfakta Hafslo Stadion Hafslo - Hornindal 3-6 (2-2) 1-0 Anja Buskaker 19 min 1-1 Ivrine Kristensen 32 min 1-2 Ida Pauline Lødøen 34 min 2-2 Silje Kaupi 39 min 2-3 Ida Pauline Lødøen 47 min 2-4 Ida Pauline Lødøen 50 min 2-5 Ida Pauline Lødøen 64 min 2-6 Marie Ingeborg Espe 76 min 3-6 Silje Kaupi 84 min Dommar: Michael Labarca, Lærdal. Hafslo sitt lag: Guro Kvam Linda Stein Anne Grete Sønsth. Ingeborg Tjøn Marita Svigum Nina Cirotzki Silje Opheim Silje Kaupi Anja Buskaker Cecilie Torgersen Gøril Urdal Wenche A Linde Noril Norheim HIL sitt lag: Tonje Fannemel Elise Lunde Beate Lødemel Ingvild Taraldset Marie Ingeborg Espe Ingrid Maurset Hanna Tenden Ida Pauline Lødøen Linda Kristin Tomasgård Line Romsøe Ivrine Kristensen