Fotballproffane synsar om kampen

Sidan morgendagens kamp mot Loen blir rekna som åretskamp, har redaksjonen lagt seg i selen for å få månge forskjellige tips om kampen. Denne gongen er det Sogndalduen Mats Solheim og Ulrik Flo som delar sine tankar om kampen. Dei fekk desse spørsmåla: Spm1: skal du på kampen søndag? Spm2: Loen vann 6-0 i Loen i vårsesongen, korleis endar denne kampen? Spm 3: Kven rykke opp frå avdelinga? (Eikefjord, Loen, Bremanger?) Har HIL ein sjanse på opprykk? Spm 4: Kva tykkje du om Loen og Hornindal sin sesong so langt? Spm 5: Trur du Edvin Haugen eller Jon Rasmus Sæbø scorar mål på Parken søndag? Mats Solheim tidlegare Loen og Stryn trur dette: 1: nei eg tvilar på at eg rekk storkampen 2: trur loen vinn knapt...3-2 3: Loen rykkjer sjølvsagt opp dersom dei ønskjer å prøve seg i høgare divisjonssystem;-) 4: Loen har overraska meg, med å ligge heilt i toppen, medan eg beklagelegvis ikkje har fått fulgt like godt med på hornindal sitt lag, men det skal endrast no..håpar derfor på ei sterk avslutning av begge lag;-) 5: Eg trur at Jon Rasmus scorar to mål..eit riktig veg, og eit feil;-) du er tilretteleggar edvin, so du får to målgjevande pasningar..begge riktig veg:-) Ulrik Flo tidlegare Strynespelar: 1: Hadde det gått fly frå Honndalen hadde valget vore lett.. Men det gjer det då alsto ikkje. Kjetil hadde heller ikkje tid. 2: Eg trur det her vert ein thriller utan like, med morosame dommaravgjersler og masse mål! 4-4 3: Eikefjord rykke nukk opp jau! Hil har sjangs dersom dei vinn mot Loen. 4: Syns begge lag har gjort det skarpt :) Men veit og at begge lag har potensiale til og etablere seg ein divisjon høgare.. Stå på Begge lag! 5: Eg trur at både Jon R. og Edvin er sopass smarte at dei tek på seg langt viktigare oppgåver enn å score mål. Men so resten seie e det vell større sjangs for at dommaren golla 1 eller 2 enn at en av dei gjer det! Hadde vert artig om det hadde sjedd eit lite under i parken! :) Lykke til Vi takkar Mats og Ulrik for innsatsen og ynskjer dei lukke til mot Skeid på Bislett i morgon kl.16.00.