Herrelaget vann i dag 5-1 over Loen. Ingen stor kamp på Parken, men HIL var giftigast og vann til slutt fortjent. Allereide etter 9 min leda HIL 2-0, Morten Taraldset scora begge måla. Dette var også resultatet til pause. Jon Ivar Gausemel er ein av medlemmane i banenemda som gjer ein kjempe jobb for Honndalsfotballen. Her merka han bana før dagens kamp. Like etter pause reduserar Loen til 2-1 og kampen leve for fullt, men når Morten puttar sitt tredje mål for dagen får HIL kontroll på kampen igjen. Ole Christian Nygård legg på til 4-1 og Marius Grodås fastset sluttresultatet til 5-1 med ei fin scoring. Han hadde også eit fint skot i stonga like før slutt. I kampen vart det delt ut månge kort av dagens dommar Mohammet Barla. Eg meinar at kampen var ganske fairspela og månge av korta var unødvendige. Uansett dømt er dømt, men vi får håpe at korta ligg djupare i lommen ved neste korsveg. Kampfakta: Hornindal - Loen 5-1 (2-0) Hornindal Idrettspark Publikum: ca 50 1-0 Morten Taraldset 4 min 2-0 Morten Taradlset 9 min 2-1 Casper Sæten 46 min 3-1 Morten Taraldset 58 min 4-1 Ole Christian Nygård 67 min 5-1 Marius Grodås 77 min Gule kort: Håvard Sollid, huska ikkje ken andre so fekk, men det vart nokre kort. Loen fekk også 3-4 kort. Raudt kort: Jan Rune Oppheim (2 gule) HIL sitt lag: Edvin Haugen Lars Valheim Rasmus Gausemel Jan Rune Oppheim Tarjei Lødøen Per Otto Lien Håvard Maurset Marius Grodås Svein Olav Solum Morten Taraldset Even Lødemel Innbyttarar: Håvard Sollid Ole Christian Nygård Martin Seljeset Kim Runar Heggen Stian Taraldset