Kampen mot Lærdal går som planlagt

Vi har prøvd å flytte damekampen mot Lærdal pga at vi har 9 spelarar som er på klasseturar. Dette kunne ikkje Lærdal gå med på so dermed går kampen som terminfesta. Dermed vert det kamp på Parken fyrst komande fredag. Kampen vert garantert 7-ar kamp og om nokon "avdanka" Honndalsdamer kunne tenke seg eit lite comeback i årets siste kamp er det berre å gje lyd frå seg. Pr.no har vi 6 spelarar disponibelt. Vi kjem tilbake med tropp og tidspunkt for avspark seinare i veka.