Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
Som kjent vann herrelaget 2-0 over Eikefjord i går. Kampen inneheld det meste ein toppkamp skal ha. Jamnt spel, harde taklingar, gule og raude kort, og ikkje minst til tider fint spel og mål av oss!!
1 omgong var jamn og begge lag hadde sine sjansar til å score. Den største sjansen hadde Eikefjord då Ørjan Eikevold skaut frå 25 meter, men på mirakuløstvis "fista" Edvin Haugen i Honndalsmålet ballen til corner.
Etter ca 25 min spel får Bjarte Eikevik sitt andre gule kort, og blir dermed utvist. Underteikna frykta at HIL skulle senke skuldrane å ta lettare på oppgåva, men so skjedde ikkje! HIL tar meir og meir over kampen og har trykket på Eikefjord stort sett resten av omgongen.
I pausen er vi nøgde med innsatsen, og har trua på at vi skal klare å ta med oss poenga heim til Honndalen.
Det siste vi snakkar om før vi går på bana igjen er at vi skal vere med i kampen frå fyrste spark når 2 omgong startar. For i dei siste kampane har det som regel gått 10 min av 2 omgongen før HIL vaknar.
2 omgong er ikkje meir enn 25 sek gamal når Marius Grodås får ballen på 25 m, ser opp og skrur ballen inn heilt ute med stolpen til høgre for keeper. 0-1!!!
HIL er i føringa og den føringa har dei resten av kampen, og når Ørjan Eikevold får direkte raudt kort etter protestar mot kampens dommar Per Oddvar Lien er det ikkje mykje tvil om at HIL vil ta med seg poenga heim. Med 11 mot 9 mann får HIL ei relativt enkel oppgåve med å sikre sigeren og når Anders Elling Kristensen på uforklarlegvis BANKAR ballen i mål so ledar Honndalen 2-0 og har full kontroll på poenga. HERLIG GUTTA!!!
HIL har fleire sjansar etter 2-0 målet og, men det vart ikkje fleire mål. God laginnsats der alle mann gjer ein god jobb, held ein veldig positiv tone i laget kampen gjennom. Eikefjord har litt anna fokus der, men vi let oss ikkje rive med og det tjenar vi på!! FLOTT FOLKENS!!
No har HIL som coach Steinar Bakka seier rota seg inn i opprykksakampen for fullt. Neste helg har vi Florø2 på heimebane, medan Eikefjord skal møt eit revansjesugent Loenlag i Loen. Med siger til HIL og Loen er det HIL som rykke opp. Loen tapte 7-2 borte mot Eikefjord i vårsesongen.
Vi skal mobilisere for å gjere vår del av jobben, so tar vi det som det kjem. Uavhengig av Loensiger eller ikkje so har vi gjennomført sesongen på ein god måte. Vi visste det vart tøft i år mtp få spelarar i troppen, men likevel har vi klart å ta poeng i fleng.
Kampfakta:
Eikefjord Idrettspark (kunstgras)
Eikefjord - Hornindal 0-2 (0-0)
Målscorarar:
0-1 Marius Grodås 46 min
0-2 Anders Eling Kristensen 65 min
Dommar: Per Oddvar Lien
Gule kort: Anders Elling Kristensen (HIL)
Raude kort: Bjarte Eikevik og Ørjan Eikevold, begge Eikefjord
HIL sitt lag:
Edvin Haugen
Tarjei Lødøen
Håvard Maurset
Rasmus Gausemel
Martin Seljeset
Stian Taraldset
Marius Grodås
Ole Christian Nygård
Anders Elling Kristensen
Even Lødemel
Morten Taraldset
Innbyttar:
Eivind Kongsvik ( inn i 77 min for Stian Taraldset)
Eikefjord:
Øyvind Svardal
Lars M Steinshovden
Bjarte Eikevik
Eirik Endestad
Henning Paulsen
Ørjan Eikevold
Jan Kåre Gabrielsen
Geir Vatnamo
Erlend Vassbotn
Tom R Ørnehaug
Dani Brandsøy
Innbyttarar:
Øyvind Sørbø
Bjarne Myklebust
Sondre Langedal
Petter Langedal
Marcus Tonheim
|
|
|