Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
I skrivandes stund er det 3 månader att til julafta. Innspurten av sesongen er strax undagjort og opp og nedrykksplassane skal fordelast. HIL er for fullt blanda inn i begge deler, men det ser ut til at julafta kjem tidleg i år, for det som ser ut til manglande vilje og lyst i HIL-leiren kan kome 2 andre klubbar til gode og vil truleg straffe ein 3 klubb.
Grunnen til det er at HIL for 5 eller 6 kamp denne sesongen slit med å skrape saman 11 spelarar, men no til siste kampen, der det handlar om opp og nedrykk, heder og ære og ikkje minst sjansen til å spele om KM-Tittel meinar eg at alle fotballsparkande Honndøler bør gå i seg sjøl. Vi må klare å mobilisere til den siste seriekampen!!!
Eller skal Eikefjord få rykke opp utan at vi vil utfordre dei? Skal Florø 2 berge plassen med siger over oss og dermed plassera Jølster 2 bak seg på tabellen?
Dette vil vi vel ikkje vere bekjent av? Kom igjen no staute Honndøle, vi må mobilisere!!!
|
|
|