Herrar: HIL - FLORØ 2 27.09 kl 15:00

Søndag 27.09 kl 15:00 spelar HIL sesongens siste i årets 5 divisjon heime på parken mot Florø 2. Når laget tok med seg tre poeng i forrige kamp borte mot Eikefjord rota vi oss inn i striden om opprykk til 4 divisjon. Det vil uansett ikkje vere nok med HIL siger i mårå, Eikefjord må tape eller spele uavgjort mot Loen. Eit uavgjort er kun avgjerande om HIL skaffar seg min + 3 mål og tre poeng mot Florø2. Vi hadde vel egentlig tenkt oss et par sesongar i 5 divisjon slik at vi kunne få bygd opp ein større og meir stabil tropp. Vi er sårbare og treng å få opp nye spelara frå yngres i åra som kjem.MEN VI GÅR IKKJE PÅ BANA FOR Å TAPE FOTBALLKAMPAR, PUNKTUM FINALE!!!. Skulle alt gå i vår favør må vi berre takke for plassen i neste års 4 divisjon. Men skulle det ikkje gå vegen for oss så er det også heilt greit. Vi har ikkje mobilisert med heimhenting av alt som kan krype og gå.. Vi har eit godt lag , 12 spelarar er klare til dyst og dei er : Kristoffer, Per Otto, Tarjei, Rasmus, Håvard M, Ole Chr., Anders Elling, Kim Runar, Olav, Stian, Morten, Eivind. Håpar publikum tek turen til parken i mårå for å få med seg årets siste og særs spanande oppgjer mot Florø2.