Herrar: HIL-FLORØ2 0-4 ( 0-1 )

På ei søkvåt grasbane søndag ettermiddag kom HIL aldri i gang og det vart slett ikkje den kampen vi hadde håpa på. Florø 2 kom til Hornindal med eit par rutinerte ringrevar og var best i det meste og henta tre poeng med heilt fortjent 4-0. Alt i alt skal vi vere glade for at det stoppa med desse tala, motstandaren kunne fort ha putta et par, tre til bak Kristoffer. Kva så med oss?? Vi var ikkje på nett og spela vel årets dårlegaste kamp. Det meste gjekk gale og vi kom aldri inn i kampen. Bortsett frå Morten sin kanonvolley i det 4-5 speleminutt som slo i tverren skapte vi vel ikkje så veldig mykje. Men fokus må vere at vi har gjenomført ein god sesong, vi vart nr. 2 i år avdeling og det er vi absolutt godt nøgde med. Vi sender våre gratulasjoner til Eikefjord som rykker opp til fjerde etter å ha slått Loen 3-1. Det viser at dei har fortjent å ta steget opp eit hakk. Laget mot Florø 2: Kristoffer Per Otto, Rasmus, Håvard M, Stian Olav,Tarjei,Ole Christian, Anders Elling Morten, Kim Runar Eivind K, 30 min for Olav