Ann Kristin Grodås om sesongen 2009

Då har begge laga våre fått 2009 sesongen litt på avstand. Dermed er det på sin plass å oppsummere litt om kva spelarane har opplevd sesongen. Fyrst ut er Ann Kristin Grodås som etter vårsesongen melde overgong til Sotra FK. Fortell litt om klubben Sotra SK. Sotra Sk ligg i 3. divisjon saman med 9 andre lag. Spelarstallen er på rett under 20. Imponerande satsing på damelaget!! Trenaren er dyktig, godt oppmøte på trening, stort støtteapparat som følger oss på trening og kamp. Alt er i skjønnaste orden. :) Korleis har haustsesongen vore for deg og Sotra SK? Haustsesongen har vore spennande. Spennande å kome til ein ny klubb der nivået er høgare enn ein er vandt med, og det er kamp om plassane. Resultata har vore midt på treet. Har vore med på 2 siger, 2 tap og 1 uavgjort. Vi enda på ein 4. plass! Spennande å spele 4-3-3, noko eg ikkje har vore bort i så mykje før. Har spelt på midtbana og ving. Kva er ditt personlege høgdepunkt i løpet av kampane i haust? Eh.. har ikkje hatt noko spesiellt høgdepunkt vil eg seie, men kjekt å få starte kampar og få tid på bana. Håpar på beire prestasjonar til neste år!! :) Er du fornøgd at Honndalsjentene sikra KM-Tittelen sjøl om du forlet skuta? Ja, sjølvsagt :) Det er kjempe bra, og forventa! Med ein målforskjel på 80 - 11 er det vel ganske fortjent?:) Gratulere jenter!!! Kva meinar du HIL bør gjere neste sesong? 3 eller 4 divisjon? Hmm.. ja, det va det da. Tenk om Hornindal, Stryn og Loen kunne samarbeida? Så kunne vi(dokke) hatt eit godt, toppa 11ar lag i 3. divisjon, og eit 2. lag i 4. divisjon med 11/7ar fotball. Med mange folk på trening, gode trenarar og eit godt støtte apparat trur eg det kunne vore ein suksess:) Men alt avhenger sjølvsagt av kor mange som er med vidare..