Haugen - Hornindal 4-1
Herrelaget spelte årets fyrste treningskamp i går kveld. Motstandar var 6 divisjonslaget Haugen som til slutt vann 4-1.
Dette var årets fyrste fotballøkt utanfor gymsalen, so forventningane til eigne prestasjonar i denne kampen var ikkje høge. Det viktigaste var å kome med kamptreninga.
 
Debutanten Tor-Ådne Seljeset (15) sende HIL i føringa 0-1, noko som også var stillinga til pause. Etter pause var Haugen det førande laget, og vann til slutt fortent 4-1. Trenar Steinar Bakka seier følgande om kampen: Ein ganske rufsete kamp frå vår side. 1 omgong heng vi godt med, men i 2 omgong skortar det på kondisjonen, og Haugen er klart best. Vi er sterkt prega av at vi ikkje har vore på stor bane tidlegare i oppkøyringa. Kampen var uansett ei verdifull trening. Sjølv med stortap klarar Bakka å sjå lyspunkt etter kampen. Forsvaret heng godt med, og unggutane Tor Ådne Seljeset og Trym Eirik Bjørneset er gode i 1 omgong. HIL stilde med desse spelarane: Stian Taraldset Per Otto Lien Jan Rune Oppheim Rasmus Gausemel Martin Seljeset Olav Otterdal Morten Taraldset Trym Eirik Bjørneset Svein Olav Solum Tor Ådne Seljeset Even Lødemel Innbyttar Kristian Haugen