Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL har spela to kampar i påska. Laurdag i palmehelga vart det 3-5 tap for Loen på kunstgras på Eid. Laget var særs ustabile i denne kampen, frå det gode spelet til det horrible. Alt i alt heilt greit at Loen drog det lengste strået. Manglande trening på stor bane må nok ta mykje av skylda for det variable spelet. Andre påskedag reiste vi til Hellesylt og møtte Sunnylven på deira grusbane. Vi er fortsatt variable i spelet men denne gongen lengre periodar med flott spel, fine angrep og flotte skåringar. Etter eit rotete første kvarter tok vi over føringa og varta opp med flotte angrep som førte til skåringar av Even, Svein Olav og Eivind. I andre omgang slokna vi litt og det vart ein meir rotete omgang frå vår side. Ei lite og trang grusbane må nok ta litt av skylda. Sunnylven spelte stort sett rett frå eigen keeper og opp til vår 5 meter, mykje duellspel og lite finfotball må ein sei:-) Kampen ebba ut med 3-1 siger til oss. |
|
|