Generalsponsor:
Web-løsning:
Sponsorar:
|
|
HIL starta sesongen borte mot Eid2 søndag 2 mai med tap 4-2. Eit redusert HIL mannskap beit godt frå seg i denne kampen. Med untak av dei fyrste 20 min var dette ein javnspelt kamp som kunne ha bikka begge vegar. Eid fekk ta leiinga etter 17 min med klikklakk spel på vår høgreside og dobla denne etter 20 min. Vi sleit med høgresida i denne perioden men fekk gjort grep som gjorde at vi kom med i kampen igjen. Morten reduserte til 2-1 på straffe etter at Martin vart reven overende. Denne stillinga sto seg til pause. Kan legge til at Morten hadde ein giga sjanse til å gje oss 2-2 før pausesignalet. I pausa var vi klare på at vi måtte gå knallhardt ut og ta over føringa på kampen som vi hadde tilreve oss mot slutten av fyrste omgang. Den gang ei, vi startar pjuskete og lar Eid få overtaket som igjen fører til at dei går i tomålsleiing etter 54 min. Deretter går det kun 2 min før Edvin vakkert dreg seg fri og klinkar kula i mål utagbart for keeper. I den neste 25 min perioden er vi klart det førande laget og vi varter opp med godt forsvarsspel, bry godt og set i gong angrep etter angrep. Til tross for presset og fleire store sjansar klarer vi ikkje å få hol på ein svært god Eid2 målvakt. Då går det som det ofte går, Eid2 kontrar og spelar seg opp på høgresida, eit innlegg eller dårleg skot blir fumla i mål av ein uheldig Stian Taraldset, som forøvrigt sto ein god kamp for oss. Kampen ebbar ut med 4-2 siger til Eid2. Alt i alt mykje positivt å ta med seg heim, vi var absolutt med på notane og skal komme grusomt mykje sterkare tilbake utover sesongen.
HIL 4-4-2
Stian
Even, Jan Rune, Rasmus, Martin
Tor Å, Ole Chr, Håvard M, Svein O
Morten, Edvin
Terje F 35 min for Svein O
Mål: Morten, Edvin
Gule kort: Morten, Martin
Gule kort Eid2: 2
Raude kort Eid 2: 1 ( trener ) |
|
|