Herrar: Bremanger borte 15 mai

Laurdag 15 mai er det bortekamp mot Bremanger. Kampen går enten kl 15 eller kl 15:30, ikkje heilt avklart. Bremanger er av seg sjølve og av andre tippa heilt i toppen. Dei er gode på heimebane og blir ei tøff oppgåve for oss. Vi plukka 4 av 6 moglege poeng mot dei i fjor, uavgjortresultatet kom på bortebane der vi spela kampen med 10mann:-)). Bremanger har sjølve tippa HIL nest sist ved serieslutt, burde vere ein motivasjonsfaktor i seg sjølv. Underteikna såg kampen Loen-Bremanger sist søndag, ein kamp der bortelaget var klart best, men avskremde vart hverken eg eller andre. Eit særdeles svekka Loenlag klarte 2-2 i den kampen noko dei bør vere særs godt nøgde med. Vi skal i alle fall gje dei hard kamp om poenga. Til denne kampen kan det sjå ut til at vi har mange spelarar å velge i. Nysignerte Steinar Gram som sist spelte i Stryn er klar, same med Eivind Grodås som er tilbake frå Stryn. I tillegg får vi tilbake Kim Runar, Olav, Håvard S. Sturla L har og meldt seg til teneste og håpet er og at Lars V dukkar opp. Alt i alt fleire valg på dei fleste plassar. Svein O og Per O er ikkje klare til denne kampen. Meir info kjem nærmare helga og etter trening på onsdag, evt formasjonsøkt fredag.