Trenarduo for herrelaget   
 
Steinar Bakka og Morten Taraldset (bildet) held fram som trenarar for Hornindal sitt herrelag.
Dette er to personar som har lang og solid fartstid i Honndalsfotballen. Steinar har sidan ankomsten frå møbelbygda Sykkylven på slutten av 80-talet engasjert seg i fotballen og går på ein ny sesong som hovudtrenar.
Morten Taraldset har sidan sesongen 2002 vore ein del av trenarteamet på herrelaget.
Denne seongen skal han vere assistenttrenar og han vil også heilt sikkert bli å finne på bana for HIL i sesongen 2011.

Dette er ei løysing som både spelarane og resten av fotballfamilien i Hornindal er glade for å kunne presantere.
 
 I tillegg skal ei resurssgruppe beståande av Endre Lødemel, Oddvar Espe, Jan Rune Oppheim og Edvin Haugen bidra rundt laget.
 
Vi gler oss til sesongen 2011!!!!