Viss det går slik som det ser ut får vi sjå Marie Ingeborg Espe (bildet) og resten av damelaget i aksjon mot Stryn og Eid på Idrettsparken.
Etter eit positivt møte i romjula vart situasjonen enda meir positiv etter kveldens spelarmøte.
Planene er å få til eit 11-ar lag og den draumen leve i beste velgåande.
Det er 99,9% sikkert at Hornindal i sesongen 2011 stiller i 3 divisjon damer.
Det mest gledlige på kveldens spelarmøte var at stjernekeeper Tonje Fannemel signaliserte at ho blir med på damelaget dersom det bli 11-lag i Hornindal.

I utgongspunktet er det uaktuelt med noko anna en 11-ar lag, so her jobba vi på spreng for å få til ein brei stall.
 
Nokre spelarar er framleis usikre, men stallen pr i dag ser ut til å skulle stille i 3 divisjon.
Dette er utruleg positivt for Honndalsfotballen og miljøet at vi kan stille både herre og damelag.
Treningane til damelaget startar truleg opp mandag 10 januar kl.18-19.30 i gymsalen.