|
Tonje Fannemel (bildet) eit av Sogn og Fjordane sine største keepertalent på damesida.
Etter eit par år utan 11-ar lag på damesida er det no klart at det blir eit 11-ar damelag i Hornindal. Ola Roar Fannemel og damelaget er godt i gong med treningane og trenar 2 gongar i veka.
Pr.no er treningane i gymsalen, men etterkvart som kunstgrasbana i Stryn blir klar kjem dei til å trene der kvar mandag.
Vi kjem tilbake med oversikt på spelarstall og støtteapparat seinar, men ein må seie at det ser veldig lovandes ut.
I tillegg vil det bli lagt ut oversikt på motstandarar når den kjem.
Det vi veit allereide er at forslag til terminliste kjem neste veke og at det er terminlistemøte på Skei 15 februar. So spelarane kan allereide no undersøk på skulen kor tid dei har eksamen slik at ein har oversikt på om ein må ta hemsyn til dette i verste eksamensrushet.
Det er no det er lett å flytte kampar ikkje når sesongen er i gong.
|