Beate Lødemel og Linda Kristin Tomasgård er 2 av spelarane på damelaget som er klar for treningshelg. Denne helga vert årets fyrste treningssamling gjennomført for dame og herrelaget. Det er venta ganske solid oppmøte. Vi har store problem med å få til eit opplegg denne helga. Kun Eid og Sykkylven har kunstgrasbane m/undervarme. Desse har naturlegnok stort press på seg, men med stor hjelp av gode hjelparar, Øystein Haugland, Haugen og Jan Hallvard Holmøy, FK Sykkylven har vi fått til ei god løysing for begge laga. STOR takk til begge to!! Ingen av våre lag har vore ut på stor bane i år so det skal bli godt å kome seg ut av gymsalen. Damelaget har følgande opplegg: Fredag: trening i gymsalen + spelarmøte Laurdag: treningskamp mot Sykkylven i Sykkylven kl16.00. Avreise 13.15 frå Hydro. Herrelaget har følgande opplegg: Fredag: trening på Eid IP kl.19-20.30 ( Vi takkar Haugen Fotball for lån av halv bane, utruleg takknemlege for dette!!) Laurdag: spelarmøte kl.14.00 på skulen, ombytting, avreise kamp 14.45. Treningskamp mot Haugen på Eid kl.16.00. Felles for begge laga er at det blir tacobuffet og quiz mm i kjellaren på Dølheim på laurdagskvelden. |