|
Herrelaget starta sesongen med 4-2 siger over Haugen på Eid Idrettspark i går. Det har blitt ein tradisjon å starte sesongen med treningskamp mot 6 divisjonslaget til Haugen.
Det har også vore tradisjon å tape desse kampane, men i år snudde vi den trenden.
Herrelaget hadde si fyrste økt utafor gymsalen fredagskvelden so spel på stor flate var vi litt rustne på, men ikkje verre en at vi til slutt vann en komfortabel og fortjent 4-2 siger.
Kampen starta friskt frå HIL si side og vi tok raskt leiinga 2-0.
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no
Emil Allesøe (bildet) som spelte sin fyrste kamp for HIL, skrudde ein corner direkte i mål og HIL leia dermed 1-0 når det var spelt 7 min. Han er ikkje formelt klar for HIL, men både vi og Emil reknar med at han formelt blir speleklar i nær framtid.
Knappe 2 min seinare dobblar Eivind Grodås leiinga når han set inn 2-0 målet.
Mykje positivt spel av begge lag, men med Hornindal eit hakk kvassare enn Haugen, men i løpet av 5 min midt i 1 omg har Haugen klart å utlikne leiinga til HIL.
Dermed er vi like langt når 2 omg. startar.
Vi gjer mange bytte i løpet av kampen og alle spelarane får godt med speletid.
I 2 omg. køyrer HIL kampen og vinn fortjent 4-2 etter mål av Svein Olav Solum (straffe) og Håvard Sollid.
Som sagt tek vi med oss mykje positivt frå kampen sett i lys av at dette er den andre økta utafor gymsalen. Vi må spesielt vere fornøgde med at mange av spelarne viser god kondisjonsform so tidleg på sesongen. Håvard Sollid og Håvard Maurset viser veg kondisjonsmessig for resten av laget, dette ser veldig lovande ut!
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no
Halvard Espe (bildet) debuterte på seniornivå i denne kampen og gjorde ein fin kamp.
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no
Endre Lødemel (bildet) fekk ein omgong på topp og danna en giftig spissduo i lag med Eivind Grodås.
Dei to kan bli ein heftig kombinasjon i 2011!!
Kampfakta:
Haugen - Hornindal 2-4 (2-2)
0-1 Em
|