Hornindal - Sæbø 3-0
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no
Emil Allesøe spelte godt på sentralmidtbane i lag med Håvard Sollid (i bakgrunnen)
 
I årets andre treningskamp vart det siger 3-0 mot Sæbø. Etter ein jamn fyrste omgong vann vi fortent 3-0.
Kampen vart litt som mot Haugen at vi slit litt med å få flyt i spelet i 1 omgong, men i 2 omgong har vi full kontroll.
I tillegg kan vi nemne at Tore Raftevold spelte sine fyrste minutt på a-laget og at eidaren Kenneth Vedvik også debuterte i honndalsdrakta.
Sæbø er eit lag som vi har ei lang og historisk kjennskap til. Heilt tilbake til 1930 åra har Hornindal og Sæbø kjempa mang ein prestisjefull kamp. No er det nokre år sidan sist desse to laga møttest så det var på tide! Kanskje kan Honndalscupen vakne til liv igjen??
 
 
 
Endre Lødemel scora 1-0 målet på eit lekkert skot frå 13-14 meter.
 
Kampfakta:
Hornindal - Sæbø 3-0 (0-0)
1-0 Endre Lødemel
2-0 Morten Taraldset
3-0 Morten Taraldset
Eid Idrettspark
Dommar: Rune Haugland, Haugen
Publikum: ja
 
Morten Taraldset kom inn som innbyttar og putta to mål.
 
Lagoppstilling (4-4-2)
Kristoffer Grodås
Stian Bjørlo
Rasmus Gausemel
Steinar Gram
Martin Seljeset
Tor Ådne Seljeset
Håvard Sollid
Emil Allesøe
Tarjei Lødøen
Even Lødemel
Endre Lødemel
 
Innbyttarar:
Jan Rune Oppheim
Kenneth Vedvik
Halvard Espe
Tore Raftevold
Morten Taraldset