Oddvar Espe toppar adelskalendaren
Vi i Hornindal Fotball skal prøve å lage til ein adelskalendar. Det er ikkje lett då vi ikkje har dokumentasjon sjølve frå dei ulike sesongane, men med hjelp av dommarkort vil vi kunne få ein tilnærma komplett adelskalendar. Dei eldste dommarkorta som er å oppdrive er frå 1981 sesongen og det er godt mogleg det var då dei starta med slik registrering eller å ta vare på korta. Uansett vi er vertfall veldig gla for at desse har blitt tekne vare på.
 
Jan Rune Oppheim (nr 2 framme frå venstre) er den av dagens spelarar som har flest registrerte kampar so langt.
 
Sjølv om alle veit at det er ikkje i kvar kamp innbyttarane har blitt ført på dommarkorta opp gjennom åra.
Vi har no summert frå 1981-1989 og 2000-2004 2006-2010.
Resten frå 1990-1997,1999 og 2005 skal vi få tak i dommarkorta med fotballkretsen so påsikt skal vi få ein so komplett adelskalendar som mogleg.
Vi merka oss at i 1998 var Hornindal utan lag i seriesystemet. For å finne eit år utan herrelag i Hornindal må tilbake til slutten av 50åra då fekk ikkje vi delta i 1957 eller 58 pga at bana på den tid var i for dårleg stand.
Fullstendig oversikt so langt ligg på framsida under adelskalendar.
 
Vi takkar fylkesarkivet for hjelp med dommarkort frå sesongane 1981-1989.
 
PS!! Det vil også kome adelskalendar for damelaget med start frå 1989 sesongen.