|
Fotballgruppa er klar for fotballrevy igjen. Rolf Kobberstad har jobba lenge med årets revy i tillegg er Svein Otto Espe og Kjetil Grodås klar med fleire sceneinnslag.
HIL-Fotball.no har ikkje fått tak i info om årets innslag, men kvar gong en pratar med aktørane so blir dei i usedvanleg godt humør. So det i seg sjøl bør vere eit godt signal på at årets revy kan bli knall underholding.
Begge framsyningane blir på Dølheim.
Tysdag 19.04 kl.20.00 Vanleg revy (ingen aldersgrense) kr 150 vaksne (16 år) 75 kr under 16 år
Onsdag 20.04 kl.19.00 ---> revy - mat -dans. 18 årsgrense pga skjenkeløyve. kr 350 for full pakke. 150 kr for dans.
Dr DOC spelar til dans etter revy.
ONSDAG er det påmelding til revy-mat - dans til Martin Seljeset ( 99421852)eller Kristoffer Grodås (41507337) |