Presentasjon av nye spelarar
3 nye spelarar er komne til oss før seriestart. Desse vil vi presantere i veka før seriestarten. Fyrst ut er eidarane Kenneth Vedvik. Ein positiv og pliktoppfyllande kar som heilt klart vil vere med å løfte HIL i sesongen.
 
 
Vi ynskjer Kenneth velkomen til Hornindal!!
 
Her kan de bli betre kjend med han:

Namn: Kenneth Vedvik
Alder: 27
Yrke: Lærar
Sivilstatus: Sambuar
Tidlegare klubbar: Heia IL, Eid IL.
Fotballsko: Nike Ronaldinho  (merke)


Beskriv deg sjølv med 3 ord:
Positiv, lojal og pliktoppfyllande.


Beskriv Coach Bakka med 3 ord:
Ærlig, temperamentsfull, profesjonell.   


Kor lenge har du dreve med fotball?
Starta karriera som lovande 5 åring på Heia sitt miniputt lag. Spelte på Heia fram til eg vart gutespelar. Spelte på Eid fram til eg var 16 år. I åra frå eg var 16 til 21, la eg fotballskoa på hylla og satsa på friidrett. Eg gjorde comeback i 6 divisjon med Heia sitt A-lag. Har vert litt fram og tilbake dei siste åra etter at Heia trekkte A-laget sitt. 

Koleis ser du på sesongen 2011 for Honndalen?
Vi har ein svært brei stall med mange gode spelarar. Eg håpar at eg kan bidra positivt slik at vi kan vere med og kjempe i toppen av vår avdeling. Målet må vere å spele seg til fast plass på laget.

Har du andre fritidsinteresser?
Eg er veldig interessert friluftsliv og sport generelt.
 

Kven er ditt største forbilde?
Akkurat no har eg ikkje noko forbilde, men som liten var Bjørn Dæhlie det heilt store.


Kven er den beste du har spelt på lag med?
Det er ein kar som heiter Øystein Nes.

Kva forventningar har du til sesongen 2011?
Eg forventar at Honndalen er med å kjempar i toppen av si avdeling.

Kven trur du får flest gule og eller raude kort i årets sesong?
Har stor tru på at Martin får ein del kort denne sesongen.

Kva lag kjempar i toppen i 5 divisjon avd 2 i år?
Det blir sjølvsagt Honndalen, ilag med Selje og Skavøypoll.


Kva er favoritt maten din?
Det må nok bli pinnekjøtt.


Favoritt tv-program?
Det er for tida Two and a half men.


Kva tenkte du som liten, at du skulle bli når du vart stor?
Det store for biletet
Som liten var den store draumen og bli fotballproff på Aston Villa. Det store for biletet på den tida var Dwight Yorke.

 


Kor tid sist:

Las du ei bok?
Eg har nettopp lest ferdig Lucifers evangelium av Tom Egeland.


Tok oppvaksen?
Den tar eg dessverre dagleg.

Var i utlandet?
Eg var i København i haustferien.


Var du på fest?
Det var på laurdag.


Kven på laget er: (Grunngjev svara)

Mest femi?
Det trur eg må bli Even. Når du møte opp på trening i Hellesylt i ført solbrille, raude bukse og skinnjakke, da er du kvalifisert til den prisen.


Mest sutrete?
Ja, det er no ein del som sutrar. Her står det mellom Tarjei og Kristoffer. Har høyr