lupe 5 div avd.2 2011. Siste plassen?
Vi i hornindalfotball.no har lyst å prøve å spå utfallet av årets 5 divisjon avd 2. Om våre spådommar vil slå til eller ikkje veit vi ikkje før siste kamp er spela 2 oktober.
Uansett, vi prøvar! Vi treng litt blest rundt fotballen i 5 divisjon!
 
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10 Loen
 
Fyrst ut er den kjipe siste plassen.
Loen, som er Hornindal sin nærmaste divisjonskollega trur vi går ein tøff sesong i møte.
Til tross for at vi er nære naboar har det vore vanskelig å få tak i informasjon om årets Loen lag. Vi har likevel danna oss eit inntrykk av at Loen står svekka tilbake i forhold til fjorårets sesong, der laget enda på ein nest siste plass.
 
 
Hornindal og Loen har mange heftige lokaloppgjer seg i mellom. Kan det bli opphald i dette neste sesong?

Laget har mista tre (vertfall) unge og lovande spelera fra i fjor. Sondre Muri (forsvar) og Ole Myklebust (midtbane) har signert for stryn. Mens Georg Lipai (midtbane) som er siste års gutespelar har signert for Hornindal. Alle desse tre spelerane hadde nok løfta årets Loen lag.
 
I fjor brukte Loen over 30 spelera på nokre få kampar på våren. Å ha mange spelarr tilgjengeleg er som regel eit styrketeikn for ein liten klubb som Loen. Likevel fortell det at Loen slit med å få stabilitet og ro i laget.
I år trur vi Loen må stole på mange unge spelera som bla Robin Sande og Wilhelm Bødal. I tillegg har Loen i mange år hatt fine tradisjonar med å få med seg dei utenlandske arbeiderane på NK på laget.
Loen må nok bygge laget rundt mange av desse.
 
 
 

Jan Erik Sandbakk, (spelande?) trenar for Loen.
 
Loen har i Jan Erik Sandbakk ein svært god trenar og ein fantastisk fotballspelar. Men dei siste åra har Jan Erik stått meir på sidelinja enn på bana. Endrar det seg har Loen ein av divisjonens beste midbanespelara . Det er også for oss uvisst om Loen får med seg  duoen Andre Haugen og Frank Willy Bødal, som begge har vore sentrale på Loen i tidlegare år. Uansett trur vi om det skjer berre blir i enkelte kampar og dermed er vi usikre på om Loen i det heile kan mobilisere viss det skulle "butte i mot" for å overleve i divisjonen.
 
Etter det vi har registrert har Loen kun spelt ein treningskamp i år. Det var mot 3. divisjonslaget Larsnes/Gursken som enda med eit 6-1 tap. Kan og nemnast at til denne kampen lånte Loen 4 spelera frå Stryn.
 
So