Då er det påtide å presantere våre tips for den usette 9 plassen som kan medføre nedrykk viss om og men....
9 plassen kan bli påvirka av nedrykk frå 3 divisjon som forplantar seg nedover i systemet.
1
2
3
4
5
6
7
8
9 Eikefjord
10 Loen
Eikefjord 2011.
Bildet er henta frå Eikejord si heimeside.
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no
Eivind Grodås og resten av HIL vil gje Eikefjord ei tøff motstand når desse to laga møtest på Parken.
Eikefjord er frå Flora Kommune. Det er ikkje mange år sidan Eikefjord var i 3 divisjon og var på høgde med storebror Florø, men etter nokre dårlege år, med nedrykk, nedrykk, opprykk og nedrykk so er det etter vårt syn samling i botn og starten på å bygge eit nytt Eikefjordlag. Med Per Øyvind Sørbø som hovudtrenar er dette i trygge hender, men vi trur at Per Øyvind Sørbø og det unge Eikefjordlaget kjem til å slite i årets 5 divisjon. Eikefjord har mista mange spelarar frå i fjor. Saknet av midtstopparbautaen Eirik Endestad (gått til Saga) vil merkast i lag med at fleire andre sentrale spelarar som også har slutta i klubben. Eikefjord har hatt ei variert oppkøyring til årets sesong. Treningskampar: Anga 3-3 Tempo 1-4 Gaular 2-7 Tempo 1-6 Askvoll/Holmedal 1-1 Førde 2 4-4 Gaular 2-1 Anga 6-1
Hovudtrenar Per Øyvind Sørbø og Eikefjord kan gå ein tøff sesong i møte.
I starten blei det mange baklengs, men etter kvart ser det ut til at ein til dels har klart å rette opp i dette. Men å tape mot 6 divisjonslaget Tempo (eit hardt satsande lag) med store siffer er ikkje kvalitetsteikn for eit 5 divisjonslag. Eikefjord har mange unge spelarar på gong, men det er ikkje nok åleine. Vi ser ikkje at Eikefjord kan mobilisere for å styrke laget dersom det skulle knipe om viktige poeng, for Eikefjord er nødt til å ha fullt lag i ein kvar kamp for å ha sjanse til å kjempe om poenga. Dermed trur vi at Eikefjord endar nest sist i årets 5 divisjon avd 2. Dette kan vere ein utrygg plass som kanskje kan føre til nedrykk. Delar av spelarstallen: Aage Herstad Andreas Lid Erling Austreim Bjarte Eikevik Geir Vatnamot Andreas Hopen Øyvind Sørbø Joakim Barlund Tord Langedal Ness Torbjørn Løkkebø Sondre Solheim.
|